Det ingen såg

 

Du, som heldt meg så tett

medan orda fell tå seg sjølve

og luktane og lydane dansa i kring oss.

Du, som all veg såg på meg

som om det ikkje fanst

nokre andre i det heile.

Du, som strauk meg

som om eg var tå glas,

men heldt meg så hardt

at eg ikkje fekk puste.

Du, som tørra tårane mine

med leppane dine

og sa at du i heile livet

berre kunne elske meg.

Det var berre eg for deg,

i den tida vi låg med kvarandre

og var for ein og rekne.

 

 

Inkje varar evig

og ingen kan liggje

med kvarandre heile tida.

Ein må leve, og.

Og så kom livet og dagane,

og der vi før brukte alle høve

til å være nær kvarandre,

kunne vi no halde ut

å være i frå einannan eit bel.

Men enno var den då der,

kjærleiken dei kallar.

Berre ikkje så brennande,

men varm nok trudde eg,

til at den var ein sikker

kjelde mot frosten.

 

 

Men kor var du

då verda mi rasa saman,

då alle snudde seg i mot meg

og dei som ikkje gjorde det,

berre forsvann dei og.

Då eg sto åleine og fraus,

medan den eine løgna

etter den andre

fekk stå som sanningar

meisla i stein.

 

 

Du, som visste betre enn nokre

kven eg var og korleis.

Men det var ikkje så om å gjere

å stå ved sida tå meg då,

når folk med ett

såg på deg med avsky

i staden for avundsjuke

om dei ana at du heldt tå meg.

Du, som hadde vore

meg nærare enn nokre.

Du sto med ett så langt unna

at eg såg deg klårt

for fyrste gongen.

 

 

Då var det ikkje korkje respekt,

attrå eller så mykje som

ur litt kjærleik att.

Nei, plutseleg var eg eit inkje,

som du såg igjennom og forbi.

Du såg meg mindre enn dei

som i det minste tok seg tid

til å kaste spitord etter meg

innan dei snudde seg bort.

Så lett kan ein degraderast

frå å være alt for einkvan

til å bli ikkje eksisterande,

at eitt bygdedyr

greier opp med det

heilt åleine.

 

 

Men tida gjer noko

med folk og minnet deira.

No, når eg nyss trudde eg

hadde slite meg igjennom

alt saman åleine

og går i kring her og rek

som ein ukjennelig utgåve

tå ho eg ein gong var

i den tida du elska meg.

No, når ingen lengre tenkjer

noko særleg på meg meir,

og du er trygg på

at dei ikkje ansar

om du pratar med meg.

No står du plutseleg her

og vil liggje med meg att.

"Eg har aldri gløymt deg",

seier du fleire gonger

medan du prøver å stryke meg

med klamme hender.

 

 

Du, som såra meg mest

med å gjere minst.

Kven trur du at du er,

og kva trur du eg

tykkjer om deg, no.

Lukka er at eg

kan gjere som du gjorde,

berre snu meg i frå deg.

Men du kjem aldri

i frå deg sjølv.

Det er no enno godt

at det mél berre vel

om deg, Bygdedyret.

Det kjenner deg like lite

som det kjenner meg.

Ja, jaggu tek han ofte feil,

den ormen.

0

Skriv en ny kommentar