....ein ser seg attende....

Eg vart konfirmert i den kyrkja eg vart døypt. Ein er femten år då, og har framtida føre seg, med draumar og voner om alt som ligg framfor ein. Alt skal bli mykje betre, trur ein, enn det hittil har vore. Ein er ungdom, to ord satt saman til eit svært treffande. På konfirmasjonsdagen sto det ein vakker liten skare tå menneske samla utanfor kyrkja, som betrakta og tok bilete tå den ljose framtida som nyss hadde hatt prestehanda over hovuda sine. Ein tå dei som sto der og betrakta, ein vèllevd og gråsprengd kall med nystroke kvitskjorte og Spenol i håret, fann då på det stillaste tidspunktet midt i all fotograferinga, for godt å gi uttrykk for sine inste tankar. Dermed ljoma det ut over kyrkjelyden; «Det der e pinade deinn vakraste konfirmanten som nån gång ha vorri i deinn her kjerka!» Adressert med augo åt meg. Og han høyrde då òg til blant dei eg hadde ført med meg tå gjestar i kyrkjelyden denne søndagen. Noko alle visste, som dei jo gjer på små stader der alle kjenner alle vel så godt og mykje betre enn det. Dermed var tvilen ikkje stor om kven han hadde sikta til. Og det er nett dèt ein ynskjer seg som femtenåring i konfirmasjonsstasen utanfor kyrkja, at ein gamal kall skal leggje for dagen at han tykkjer du er uslåelig vakker. Med bannskap på kjøpet. Så skulle dét bli det klåraste minnet frå den dagen.

At utlevde karar finn meg uimotståelig, eller i alle fall ynskjer å få meg på høve til å tru det, i fall eg då skulle gje dei noko meir å sjå på, er eit minne frå ungdomstida som ikkje utmerkar seg meir knytt til nett den dagen enn til andre dagar. Det sit som stempla i minnet frå dagar, hendingar og sladder ein har vandra igjennom på ungdoms vegar, og ligg som ein dåm over dei fleste minna frå tidlige tenår og fram til langt ut i neste år. Eg er ikkje noko ungmøy lenger. Men "draget" på gamle kallar har eg då enno i behald.

Det er, for å ha det på det reine, ein eigenskap eg gjerne byttar bort. I pest eller kolera, om så.

Allereie då eg var lita, hadde eg eit lag med gamle menneske alt med seg. Eg tykte dei var mykje meir interessante enn dei yngre, dei hadde ein visdom i augo og eit innhald i liva sine som eg tykte eg ville lære kjenne. Eg ville vite kva dei hadde levd i og med og kva det hadde gjort med dei. Nyfiken som få, anten det dreidde seg om innhaldet i alle duppedittar som kom i hus, eller om innhaldet i liva til menneske eg møtte. Eg ville all tida vite kva som var inni. Og kvifor det var der. Og korleis det heile fungerte. Og i den tida, hadde ein ikkje vett på å skilje kvinnfolk frå mannfolk, det var det same kor som; menneske var menneske og gamle sjeler mykje meir interessante enn unge.

Etter kvart som ein vaks til og fekk røyne eitkvart sjølv òg, forsvann slett ikkje begjæret etter kunnskap, men samstundes vaks ynskje om å kunne gjere nokon vel. Men ein vart kan hende fortare vaksen utanpå enn inni, og ein tenkte ikkje på at gamle menneske òg har kjensler for motsette kjønn. Ein tenkte berre på å gjere ein nyttig vending, gi ei handrekning der det kunne trengast, utan tankar for kva ei ung jente kunne tenne i hugen på ein vèllevd mann. Og når noko anna tek over for vettet, er sjølv ikkje dei eldre enn dei kjenner seg i stunda. Dermed kan ein vel seie at ingen tå oss ville kvarandre anna enn godt, men resultatet vart gjernast baksnakk og mistydingar, og at eg gjekk og undra meg over kva gale eg hadde gjort. Eg var jo aldri nær dei, anna enn eit godkinn no og då, tok aldri i mot noko i frå dei, og ikkje var dei usømmelige mot meg heller. Men bygdedyra vil ofte ha meir spenning i liva sine enn det som godkinn og hjelpsame vendingar gir. Og då blir det til dét. Til stor underhaldning for menneske som ein kanskje hadde forventa skulle vera meir nøysame med sanninga i det dei fór med. Men; ein trur gjernast ein kjenner folk, og tar gjernast feil. Så lærte ein då om ikkje anna dèt, tidlig nok.

Men ut over det, har livet gitt utfordringar i rad åt ei ikkje altfor sosialt intelligent ung kvinne. Ein blir allereie som tenåring tvinga til å velje kva ein skal gjere resten tå livet, medan ein enno ikkje veit det slag om kva livet er. Kva no enn det skal ha for meining. Eg for min del gjekk meir og mindre sjølvsikkert inn i helsesektoren, sjølv om nokon sa med meg ein gong at han meinte eg skulle ha vorte veterinær i staden; eg hadde nemlig betre lag med dyr enn med menneske, sa såla. Eg på mi side tykte godt om yrkesvalet. Men eg tok med meg alle lagnadene og alle liva heim, då arbeidsdagen var over. Ja, eg flytta til og med heim åt eit par tå dei, for å gjere kva gjerast kunne for at dei skulle få vere saman og bevare verdigheita til livsvegens ende. Og ikkje hadde eg vel gjort noko tå det annleis no, om eg kom i same situasjon ein gong til. Eg hadde kanskje late vore eitt par bagatellar, men dei hadde ikkje konsekvensar for andre enn meg sjølv, og med meg sjølv har eg no aldri vore så blånøye, nokon gong.

Eg minnes, frå eit  tå dei dødslega eg har sitte ved, at det siste ein mann sa åt meg medan han enno levde - og etter den tid blir det jo gjernast heller lite prata -var; «Kva vil du tykkje om meg som menneske, om eg seier at eg kunne tenkt meg å liggje med deg?» Kva skal ein svare på sånt? Fordømme ein mann på dødslege er ikkje mi oppgåve her i verda, og tankane han la fram for dagen er jo heller ikkje noko ein blir dømd for, så vidt eg veit. Så eg svara berre at han kanskje måtte vere einig i at det var vanskelig for meg å seie noko rettvist om nett den saka, - noko han samtykka i med ein gong. Men eg passa òg på å seie, at eg ikkje tykte korkje betre eller dårligare om han tå den grunn. Og så ebba livsdagen hans ut. Men ein kvar kan kanskje tenkje seg kor svar skyldig eg vart, då enkja ville vite kva dei siste orda hans hadde vore. Det er då ein takkar for kvite løgner, og begrip korleis dei vart til. Ikkje stort betre vart situasjonen når ein lyt halde maska medan kallen låg på likstrå enno og enkja sto i med ein annan. Og at sonen deira sendte nakenbilete tå seg sjølv åt meg på mobilen og med det same foreslo at eg skulle bli med han på fjelltur på gravferdsdagen åt far hans, i staden for å fylgje med til siste kvilestad. Og eg var alt for ung, enno, til å begripe at saker som det der berre var eitt komma i liva våre, og at langt meir suspekte kasus er meir vanleg enn ein skulle tru, i sjølv dei beste familiar. Den gongen var eg ung nok til å tru at det tydde noko, for einkvan, korleis ein tedde seg i slike høve. Men det gjer jo ikkje det. Det ingen ser og slett ikkje høyrer, skal ein berre late som ein ikkje har sett eller høyrd det grann om sjølv heller. 

Men det er sjølvsagt nærliggjande i slike høve, å undre seg over eitt og anna. Sjølv i dag, når ein ser seg attende og alt verkar heilt uskyldig om ein samanliknar med alt ein har fått med seg. 

Akk ja, sann. Det er i alle fall for seint å spørje han som vandra den gongen, og godt er kanskje det. Det ein ikkje veit, har ein heilt sikkert best tå og halde fram med å ikkje vite det grann om.

Og ting kunne som sagt vore mykje verre. Sjølv den gongen.

Jaja. EIn kan stå å sjå attende no, og tenkje at ein gjerne skulle kunne gå dit bakover ein tur. Berre for å ha noko å trøye seg med. Det kunne vore atrig å levd opp igjen både den og den dagen. Men det kan ein altså ikkje.

Nei, ein må framover. Så i morgon skal eg snu meg den vegen att. Så får vi sjå, dei tå oss som får leve han til endes, kva den dagen har i skreppa!

*

I dag har eg forresten vore på skitur. For dei som måtte tykkje det er interessant å høyre om det. Hunden var `og med. 

Vi hadde ein tå årets hittil finaste skiturar. Dels på grunn tå det flotte veret og føret. Men òg dels for at det var den fyrste skituren i år. Rart med det. 

 

2

så flink du er til å skrive!

?? tusen takk...!

Skriv en ny kommentar